top of page

Våre Bilar

Kjell's Bilsalong logo

Kong Olav's Bil
Cadillac Fleetwood Limo

1981 modell, førstegongsregistrert på Olav V. Slottet, Norge. Dette er ein bil som vart bestilt av Kong Olav, og han elska Cadillac som bilmerke og har hatt fleire. Kong Olav likte å køyre bil. Han lot sjåføren sitte i baksetet og sjåførhua på sjølv og satte seg b ak rattet og køyrde. Hua ligg framleis i bilen. Teak-bordet med ein kjøler er ettermontert og tar ein det vekk, vert bilen til ein åtte-setar. Bilen er populær til bryllupskøyring og feiring av store dagar. Kjøpt inn usett frå Molde, første veka etter Noreg stengde ned for Korona i 2020.

Kjell's Bilsalong logo

Chrysler Touring 52

1928 modell, vår eldste og best bevarte veteranbil. Bilen er no 95 år gamal. Produsert i Amerika og har vore i Noreg i over 80 år. Total-restaurert på 80-talet av Kjell Bjelland, ein av gründerane på Leirvik Sveis. Bilen har fire-sylindra motor, brems kun på bakhjula og handbrems på mellomaksling. Er kjørbar til store anledningar og fast innslag på 17. Mai på Stord. Bilens registreringsnummer er 1928, det same som årsmodellen.

Kjell's Bilsalong logo

Mercedes 300

1954 modell med 113HK. Adenauer oppkalt etter første kansler Konrad Adenauer. Bilmodellen vart bygd for å konkurrere med dei Europeiske Rolls Royce Silver Cloud og Bentley S1 samt. dei store Amerikanske bilane. Luksusbil med seks-sylindra motor. Flott velurinteriør og heile fire askebeger. Mykje av teknikken her kjem frå sportsbilen Mercedes Gold Wing 300SL. Bilen gjekk først som direktørbil for Oslo lysværk og vart kjøpt inn høsten 2019 frå Larvik.

Kjell's Bilsalong logo

Mercedes SC380

1981 modell, v8 motor på 156HK. Dette er den litt rimeligare sportsbilen frå Mercedes og er spesielt populær i USA, men man finn den overalt  i verda. Velge mellom fast tak eller cabriolet som denne. Til denne bilen har me og fast ståltak i same farge som bilen. Vart mykje brukt som damebil til filmstjerner over heile verda. Bilen er importert frå USA for nokre år sidan og har dei klassiske USA-støtfangarane som er større enn dei Europeiske. Innkjøpt frå Arendal i 2019.

Kjell's Bilsalong logo

Mercedes SL500

2004 modell, styla og oppdatert i 2010. Sportsbilen Mercedes SL er ein vidareføring av Mercedes SL, den klassiske sportsbilen frå 1950-talet. Den kom også som SL gold wing. Denne har ein v8 motor med Biturbo på heile 306HK++ og den forurenser vel meir på ein tur rundt Stord-øya enn dei fleste småbilar gjer på ein månad. Nydeleg design og gode tekniske løysingar gjer denne bilen til ein fullblods sportsbil. Innkjøpt våren 2022 frå US Cars, Thor Jarle Slevik på Stord.

Kjell's Bilsalong logo

Mercedes 280S

1971 modell, tidligare eigar Onar Onarheim, sjef for Stord verft, Aker i Oslo og ordførar på Stord. Bilen har vorte benytta av Onar Onarheim og hans familie i alle år til eg kjøpte denne rundt 2013. Mercedes 280S vart ein veldig populær og stileg luksusbil med lavt støynivå, servostyring og nydeleg interiør, automatgear og store vindusfelt. Denne bilen vart ein bestselgar for Mercedes over heile verda og går ofte igjen på kjende filmar og hendingar "world wide". Vart levert som to-dørs coupe, stasjonsvogn, ambulansar og limousiner. Populær som   bryllupsbil

Kjell's Bilsalong logo

Mercedes S klasse lang

560 SEL, 1989 modell V8 motor på 279HK Automat servo. Dette er den lange utgaven av Mercedes S klasse Sedan. Ofte brukt som representasjonsbil for kongelege, regjeringar og VIP transport over heile verda. Tidløs og stilig design. Denne bilen kommer fra ambassade i Tokyo og har vært brukt der. Bilen har ekstra god plass i baksetet og kan endre helling på seteryggen. Kjell fekk sitt første barnebarn i 2019 og guten vart døypt Brynjar i kyrkja på formiddagen og seinare på dagen vart denne bilen også gitt navnet Brynjar. Innkjøpt i 2019.

Kjell's Bilsalong logo

Mercedes 180

Årsmodell 1954. Dette var ein Mercedes som kom med både bensin og dieselmotor og vart veldig populær som taxi i Noreg og resten av Europa. Solid bygd og dette er ein kort utgave med kort panser og fire-sylindra motor. Vart også levert med seks-sylindra motor og langt panser og var då meir luksusutgave. Her er ingen servostyring eller automat, og må bruke mykje kraft for å bremse. Vart importert frå Sverige og gått mesteparten av si tid i Hardanger kor eg kjøpte den inn frå, i 2019.

Kjell's Bilsalong logo

Mercedes lang limousin

1984 modell fem sylindra motor. Bilen er typisk sju til åtte seters limousin, brukt som VIP transport som nye og seinare gjerne som taxi eller sightseeing bilar. Denne har vært ein av den franske regjeringa sine representasjonsbilar i presidentperioden til François Mitterrand. Bilen har klappseter i midten som ein velger mellom romsleg fem-seter eller trang åtte-seter. Motoren er ein femsylindra bensinmotor, som er mykje brukt i alle Mercedes ambulanser på 80-90 talet. Bilen er importert frå Frankrike og er kjøpt til samlinga her i 2019. 

Kjell's Bilsalong logo

Folkevogn Boble

Folkevogn boble har mange eit forhold til. Frå dei fyrste åra med fritt bilsal i Noreg frå 60-talet. Motor bak - god på asfalten, lettkøyrt motor og lite varme i bilen. 1960-modell a/1200 motor - 52HK. Tidlegare eigar frå Hardanger.

Kjell's Bilsalong logo

Plymouth Volare Coupe

Denne bilen representerer litt av Fylkesnes Bil historien frå årea med salg av Amerikanske bilar frå 1977 og utover 80-90 talet. USA produserte Chrysler, Plymouth og Dodge som personbilar og varebilar "Vans" var prisgunstige pga. lav dollarkurs på 80-90 talet. Plymouth hadde variantane personbil og stasjonsvogn som også kom på grøne skilt. v6 og v8 motor med automat var populært. Som SUV vart det levert Dodge Ramcharger og Chrysler LeBaron som personbilar. 

Kjell's Bilsalong logo

Simca 1308

1977 modell. Dette var årets bil i 1976 og var veldig populær i Noreg. Simca var ein del av Europeiske Chrysler som seinare vart til Peugeot i Europa. Simca 1307/1308 var første bil som vart designa av ein datamaskin på 70-talet, hadde mange smarte løysingar og veldig god plass-utnyttelse. Fylkesnes Bil starta å selge desse i Oktober 1976 og vart seld over heile Sunnhordland. Desverre, rusta desse bilane mykje og det er få igjen av dei. Denne vart skada rundt 1997, og vart etterpå hengd oppunder taket i eit karosseri- og lakk-verkstadi Egersund og vart køyrd heim til Stord same dag som dei senka bilen ned etter 22 år.

Kjell's Bilsalong logo

Peugeot 404

1964 modell, fire-dørs sedan. Dette er ein klassisk Peugeot personbil som var populær over heile Europa, også som sju-seter stasjonsvogn. Flott skinninteriør og soltak, rattgear og feste for takgrind innebygd i taket. Populær som taxi grunnet god plass. Har vore demonstrasjonsbil for AS bilforetning i Bergen som var Peugeot forhandlar fram til 1980. Kjøpt frå formannen i norsk Peugeot eigarklubb i Bergen 2020.

Kjell's Bilsalong logo

Mitsubishi Sigma

Flaggskipet til Mitsubishi, solgt lite av dei i Noreg, men veldig populær i Australia. Topputstyrt og nokre hadde firhuljsstyring. 3.0 v6 motor, 1991 modell. Kjøpt brukt på Stord.

Kjell's Bilsalong logo

Mitsubishi Pajero

Noregs mest populære firhulsdrevet SUV frå 1982 og åra utover. Pajero var ein moderne og lettkøyrt SUV, og vart levert med bensin eller diesel motor, to-seter varebil og fire-seter combi, evt. fem til sju-seter. Dette er ein to-seter med kalesjetak, 2.6l bensinmotor - 140HK. 1984 modell kjøpt frå Bergen.

Kjell's Bilsalong logo

Colt GLX

Snerten og lettkøyrt bil med 2x4 gear, Dvs. 4 gear kan ved ca. 30% høgare utveksling, 1250 motor - 70HK. Vannvittig populær hos Fylkesnes Bil da ein starta med Mitsubishi i 1980.

Kjell's Bilsalong logo

Mitsubishi Galant GLS 2.0l

Populær og romsleg personbil med firhjulsdrift. Vart veldig populær og kom med 1.6l, 2l eller 2.0l turbo. Bensinmotor på 170HK. Kjøpt inn frå Oslo, importert frå Sverige.

Kjell's Bilsalong logo

Opel Record - 1700LUX

Opel Record var ein av GM sine svar på dei store amerikanske bilane som var populær i årene, 50, 60 og 70 talet. Dette var ein populær familiebil og taxi. Denne biltypen var første bil i Fylkesnes slekta på Bømlo, med søskenbarn Leif Ådnanes som eigar. Bilen var då veldig stor og me var kanskje 7-8 personar i den då me kjørte til kyrkja på Sortland, Bremnes om Søndagar (Bilen er liten no). Opel Record 1200, 1500 og 1700 vart bruktimportert for Tyskland i mange, mange år rundt 1960-1970 talet. Innkjøpt frå Strandebarm.

Kjell's Bilsalong logo

Vespa Scooter

Vespa Scooter kjem frå Piaggio fabrikken i Italia og den fabrikken produserte våpen og ammunisjon. Under andre verdskrig mangla fabrikken arbeidarar, for alle menn som jobba på fabrikken vart sendt i krigen og få kom tilbake. Fabrikkeigarane ba ingeniørane om å laga ein enkel motorsykkel for damer som på den tid kun brukte skjørt for at dei kunne komme på jobb på fabrikken. Når ingeniørane viste den nye motorsykkelen til fabrikkeigarane, sa han på italiensk at dei likna på ein vesp, og vespa er veps på italiensk. Vespa scooter var veldig populær i Noreg og Kjell kjøpte sin knallrøde Vespa 125EC som er identisk med denne og ny kosta dei da rundt 5-6 tusen kroner i 1972, som veteranskuter har denne ein verdi på 40-50 tusen kroner. Innkjøpt høsten 2022 frå Vespamuseet på Fornebu. Plass til ein halv kasse øl i sidelomme og ein liten brus under setet.

Kjell's Bilsalong logo

Citroën 2CV

2CV var studentbil og hippiane sitt svar på folkevogn bobla. Unikt design og med soltak, ofte kalla Dolly.

Kjell's Bilsalong logo

Citroën DS 19 - Padda

Veldig komfortabel og behagelig å køyre. Hydraulisk fjørsystem som gjer at bilen letter seg opp og får høg bakkeklaring. 1972 modell, 1.9l motor på 115HK. Kjøpt inn frå Skien.

bottom of page